Gloppen Biohub_Foto- Storywell-38 SMALL.jpg

Ein motor for ny, grøn industri

Kven er vi?

Biohub Fjordane er eit samarbeid mellom lokale aktørar i regionen. Vi har sterkt eigarskap til visjonen og målet om å realisere ein næringspark med biogassanlegg i sentrum.

Medlemar i huben

Kva er målet med hubben?

Biohub Fjordane har som mål å samle aktørar, kompetanse og ressursar i ein felles arena for samarbeid og utvikling gjennom HUB-nettverket til Grøn Region Vestland. Nyvinn arbeider med realisering av eit biogassanlegg i regionen, og Biohub Fjordane er tett kopla til biogassprosjektet i eit gjensidig avhengigheitsforhold, der samhandling er avgjerande for å ta vare på verdiane i materialstraumane knytte til anlegget.

Hubben skal bidra til lokal verdiskaping og leggje til rette for knoppskyting av berekraftige initiativ, og fungerer som eit bindeledd mellom biogassanlegget og nye og eksisterande verdikjeder. Arbeidet er forankra i verdiane samarbeid, berekraft, innovasjon og kvalitet.

I Byrkjelo i Gloppen kommune er det planar om å etablere ein biopark som skal utnytte avfall og reststoff frå hushald og fiskeoppdrett, samt husdyrgjødsel frå landbruket, til nye biobaserte produkt. Med ein sterk industriell base i Tine Meieri Byrkjelo og god tilgang på reststoff i regionen, ligg det til rette for industriell symbiose og utvikling av heilskaplege verdikjeder.

Byrkjelo

Industriell symbiose

Gjennom utvikling av ny kompetanse og etablering av nye kunnskapsmiljø skal det skapast grunnlag for nye, grøne arbeidsplassar og framtidsretta næringar. Initiativet skal samstundes bidra til å styrkje eksisterande næringsliv ved å hjelpe aktørar med å løyse utfordringar og vidareutvikle verksemda si. Industriell symbiose er eit sentralt verkemiddel for å sikre effektiv ressursutnytting og auka verdiskaping.

Diagram over biohydrogenproduksjon fra fjordane, med ulike tilknyttede elementer som fiskeoppdrett, landbruk, skogbruk, husholdningar, transport og energihub, med fokus på biogass, biokull og biogjødsel som produkter.

Grøn Region Vestland

Biohub Fjordane er ein del av nettverket til Grøn Region Vestland – eit samarbeids- og koordineringsprosjekt eigd av Innovasjon Noreg og Vestland fylkeskommune. Prosjektet er etablert for å støtte industrien i Vestland fylke i den grøne omstillinga, gjennom reduserte CO₂-utslepp, styrkt fastlandseksport og etablering av fleire grøne arbeidsplassar.